Å smi seg ei stemme – Masterarbeid Eirik Hermundstad Sanner
- Eirik Sanner
- 15. apr. 2022
- 7 min lesing
Oppdatert: 14. juni 2022

Innleiing
Å finne ut kva veg ein ynskjer å gå er på mange måtar heile poenget med utdanning. På eit utøvande, kunstnarleg studium lyt ein fatte vegvalg som instrumentalist og kunstnar i tillegg til dei vala alle menneske må ta. Eg har nytta masterstudiet mitt til å peike ut ei retning. For meg personleg som kunstnar, men òg som eufonist. Målet med prosjektet har vore å finne ut kva slags kunstnar eg er, eller kan bli. Utgangspunktet for prosjektet er personleg, men eg vonar at resultatet har universell verdi om me spør: kva vegval bør eufoniumet som instrument fatte frametter?
Les kva eg tenkte i starten av studietida (revidert med nytt repertoar desember 2021)
Refleksjonar rundt masterarbeidet i lys av problemstillinga
April 2022
Når eg les problemstillinga mi i sluttfasen av masterarbeidet ser eg at eg ikkje er heilt nøgd med problemstillinga. Ho er altfor negativt vinkla! Eg skulle ynskje eg fokuserte meir i teksten på at eg ynskjer å utvikle/oppdage eit repertoar for instrumentet mitt som kler meg sjølv som utøvar, men som òg kan vere med å gje instrumentet vårt enno meir aksept og relevans i samtida, både innan gamal og ny kunstmusikk.
Det eg derimot likar godt med problemstillinga mi, og som hhar informert arbeidet mitt heile vegen, er dette med å nytte masterkonsertane mine som instrumentmanual. "Sjå kva eg kan", og viktigare "sjå kva eg vil, kva eg likar". Gjennom å spele eit breidt repertoar som krev eit høgt nivå innan mange ulike speleteknikkar, ulike sceniske uttrykk, ulike vis å forhalde seg til ein notetekst på, vonar eg at eg har synt fram kva eg stend for kunstnarleg.
Eg arbeidar stadig med komponistar eller andre skapande kunstnarar, og etter denne mastergraden opplev eg at eg har fleire konkrete døme å vise til når eg skal seie kven eg er og kva eg kan. Dette er sjølvsagt veldig nyttig profesjonelt, både til søknadar, nettverksbyggjing, men ikkje minst for å klargjere overfor meg sjølv kva eg eigentleg vil. For no som eg har hatt nær full fridom i to år til å jobbe med kva eg vil har eg sjølvsagt lært mykje om kva type prosjekt eg trivst med, kva prosjekt eg ofte "havnar" i og kva eg synst er givande og interessant. Vonleg kan eg halde fram med slike prosjekt i framtida.
Masterkonsert del 1 – portfolio
Her vil eg skrive litt om kvart verk eg skal levere i denne fyrste delen av det utøvande arbeidet mitt.
Post-Prae-ludium n.1 per Donau av Luigi Nono (1987)
Dette er eit verk eg oppdaga skikkeleg medan eg budde i Sveits (som eg skriv litt om i problemstillinga). Her er imidlertid ein personleg vri på verket. Eg har alltid vore fascinert av kva som skjer dersom dei same musikarane byttar roller/stemmer i kammermusikk. I og med at dette verket i høgste grad er ein trio (éin instrumentalist og to som spelar datamaskin) var det eit perfekt høve til å teste ut dette. I tillegg til å vere kunstnarleg interessant har det å bytte roller didaktisk verdi. Då me laga denne versjonen var det kun eg som kjende verket frå før. Det er viktig at den som spelar instrumentstemma har inngåande forståing av kva datamaskina og dei to medmusikantane driv med. Elles kan ein ikkje ta gode informerte val om kva/når ein skal spele. Så ved at alle måtte lære seg alt oppnådde me ei intim forståing av kva dei andre trong og ynskja i ulike parti av verket.
Eg lærte enormt mykje av å arbeide med dette verket. Fyrst saman med André Richard som kjende Nono personleg og som har spelt verket fleire gongar. Han hadde eit enormt virtuost perspektiv på det å spele miksepult som eit instrument. Det var som å ha speletime på hovudinstrumentet, han jobba med timing, uttrykksnyansar og samspel på ein fantastisk måte.
Etter denne dagen ville eg halde fram med å jobbe, men eg hadde ikkje elektronikken tilgjengeleg. Så eg laga han sjølv. Eg tok eit grunnkurs i Max8 i fjor, og gjennom dette prosjektet lærte eg masse om programmering og interaksjonsdesign som ein del av komposisjonsprosessen - val du tek påverkar kva som er "idiomatisk" å få til å spele.
For at alle tre skal inneha alle rollene laga me ei litt forlenga versjon av verket. Mellom B og C hoppar me attende til A og deretter spelar me som notert til slutten.
Me spelte inn verket i januar 2022 på Musikkhøgskulen med Magnus Breivik Løvseth - tuba og Kathrine Kirkeng Oseid - saksofon.
Otava (Karlsvogna) av Johanna Ruotsalainen (2010)
Eg fekk ein sms frå den tidlegare eufoniumlæraren Sverre Olsrud min om eg kjende til dette verket tidleg i 2021. Det gjorde eg ikkje, men las gjennom og arkiverte det i "kanskje"bunken i notebiblioteket mitt. Så var eg i Sveits. Eg prata masse med læraren min, Thomas Rüedi, om masterprosjektet mitt. Han var utruleg engasjert i prosjektet, og me diskuterte særleg det teknologiske aspektet samt repertoar som kunstnarleg uttrykk. Ei veke prata me om dette verket og så bad han meg om å førebu det til timen etter.
Då eg berre las nota fyrste gong framsto verket litt tørt for meg, men så snart eg starta å arbeide med det fann eg fort ut at det inneheld masse fine, musikalske augneblikk. Notespråket er veldig eksakt, særleg rytmisk, men då eg fekk teknisk overskot oppdaga eg masse høve til å spele verket relativt romantisk.
I problemsmtillinga skriv eg at eg synst dette kan vere ein god introduksjon til atonal musikk for studentar på eit visst nivå. Etter å ha jobba enno meir med verket er eg samd med meg sjølv. Her har ein høve til å lære å lese eit relativt komplekst notebilete, men ein må samstundes lytte og tenkje musikalsk, gestisk og formmessig slik som i all annan musikk.
Innspelinga er gjort på NMH i april 2022
Låt om ljos og lyd av Eirik H Sanner (2022)
Starten på dette verket var at eg klaga til min kollega Magnus Løvseth (sjå Nono) over at eg var mindre produktiv hausten 2021 enn eg hadde vore året før. Då eg studerte i Sveits var det eit relativt høgt trykk på konsertar, teoretiske fag og forskjellige prosjekt på avdeling for ny musikk. Dei har t.d. fire ulike festivalar for ny musikk i løpet av skuleåret. Høgt tempo og mange fristar passa meg bra. Men i Oslo opplevde eg ikkje det same trykket. Så Magnus og eg starta konsertserie.
Regelen er at èin av oss må skrive eit nytt verk til kvar konsert, deretter spelar ein gjest før me spelar ein improvisert avdeling. Mellom avdelingane skal det serverast vaflar. Dette verket er ei vidareutvikling av det eg laga til den aller fyrste konserten. Ideen kom nok ein gong frå året mitt i Sveits. Til avslutningsframsyninga i musikkteknologifaget mitt der skreiv eg eit tekststykke og ein Max-patch der èi tonehøgde korresponderte med èin farge. Same ideen er med her, men i …ljos og lyd er det tre akkordar som korresponderar med primærfargane, ikkje enkelttoner.
Samstundes er det ein visuell del av verket. Denne versjonen er for projektor, eufonium og høgtalarar, men eg har óg ein variant for TV-skjert plassert bak utøvaren på høgkant i staden for projektor. Skilnaden er natulegvis at i denne versjonen ser publikum utøvaren når det kjem lys, medan i den andre versjonen ser dei berre eit svart omriss.
Eg er godt nøgd med den scenisk/visuelle biten av verket, men eg har lyst til å vidareutvikle klangen i høgtalarane enno vidare. Liveprosessering av lyd er noko eg treng å lære meir om. Når det er sagt har det vore lærerikt og interessant å skrive eit verk til meg sjølv. Igjen har eg latt programmeringa vere ein viktig del av komposisjonsfasa saman med improvisasjon. Eg har "leika" meg fram til denn versjonen.
Six Studies in English Folk Song av Ralph Vaughan Williams/Eirik H Sanner (1926)
Dette skulle vere bindeleddet mellom den romantiske delen av masterarbidet mitt og den moderne. Her har eg komponert små intermezzo mellom kvar sats. Eg har nytta klangar og akkordar frå verket saman med ulike elektronisk genererte klangar eg har laga sjølv. Her jobba eg mykje med granulær syntese samt ulik manipulasjon av samplar eg fann i kvardagslivet, mellom anna ein server som sto på soverommet mitt i kollektivet i Sveits.
Dette verket framførte eg på ein konsert i Sveits i april 2021, men opptaket frå den konserten er diverre forsvunne. Då eg oppdaga dette noko seint måtte eg tilpasse verket utan klaver. Det fungerar heilt fint, men var altså ikkje intensjonen. Opptaket er gjort i april 2022.
Nokon avsluttande tankar om prosessen, resultatet og kva eg ynskjer å gjere med dei.
Eg er stolt over musikken over, og eg trur det eg skal syne fram i sluttpresentasjonen min vert bra òg. Med bra meinar eg her fyrst og fremst at eg synst det held fagleg og kunstnarleg høg kvalitet. Eit perspektiv eg har prata mykje om men gjort nokså lite med er formidlingsbiten av prosjektet. Eg ynskjer å inspirere utøvarar og pedagogar på eufonium og eigentleg messing meir generelt til å vere litt meir opne for ting som ikkje er klassisk og ikkje er kjernerepertoar (enno). Men å faktisk formidle har vore ein veldig liten del av prosjektet.
Eg fekk, noko overraskande, sjansa til å halde eit foredrag for "Tuba-Noreg" på NMH i høvet minnefestivalen etter Torbjörn Kvist. Det fekk eg god respons på blant dei relativt mange profesjonelle tubaistane i salen, så det er då noko.
Elles er eg i gong med eit nokså omfattande prosjekt saman med Thomas Rüedi og fleire andre om å lage ein svær eufoniumressurs på nettet. I prosjektet har eg vore involvert i å finne fram repertoar i ulike stilartar, med fokus på ny musikk. På sikt trur eg det kan verte ein kjempefin plass for pedagogar og musikkstudentar å oppdage nye utøvarar, komponistar, verk, stilartar og idear om å vere eufonist som går utover den tradisjonelle "korps, brassband, Strauss og Holst"-tankegangen.
Eg trur denne formidlingstanka vil vere med meg resten av livet mitt som utøvar og pedagog, i nær framtid t.d. på sumarkursa til NMF og på Toneheim folkehøgskule, der eg jobbar som timelærar.
I problemstillinga skriv eg at eg vil dytte utviklinga av repertoaret i fleire retningar. Finne gamal musikk som er lite spelt på eufonium (Brahms, Schubert, Vaughan-Williams), finne klassikarar i samtidsliteratturen som eg meiner bør vere i kjernerepretoaret (Nono, Kagel) og å skape ny musikk. Eg har i dette prosjektet fått gjort komparativt lite av det siste. Eg fekk t.d. ikkje til å ha nokon urpremiere, anna enn mitt eige verk, i prosjektet. Hovudgrunnen til det er at eg var for seint ute med å kontakte komponistar, søkje støtte osb. Heldigvis kom eg i gong med prosessen i det heile, for i 2023 kjem eg til å spele ny musikk av mellom andre Julian Skar, Marianne Stranger og Harald Jordal og kanskje enno fleire. Så sjølv om tingingsverka ikkje vart ein del av dette konkrete masterprosjektet kjem det ny musikk på grunn av arbeidet eg har gjort med å kartleggje eigen musikalitet og teknikk.
Comments